
Skyss er i gang med førebuing til innhenting av nye anbod på 18 ferjesamband i Vestland fylke. Anboda skal gjelda frå 2030 og det vert lagt opp til utsending av dokument neste år. For å ha oppdatert oversyn over ønska frå aktuelle kommunar har Skyss gjennomført møterunde. Stord er del av trekantsambandet Jektavik – Hodnanes – Nordhuglo. Stord sine utsendingar fremja desse momenta til neste anbodsperiode for ferja over Nuen:
- Internsamband i kommunen.
- Viser til mål for samfunnsutviklinga i utviklingsplan for Vestland, fylket må legge også desse til grunn for ferjetilbodet.
- Forutsigbarheita må bli betre. Folk kan ikkje stole på ferja til viktige avtalar.
- Det er viktig å kunne forholda seg til rutetabellen, så det viktigaste er at den blir følgt. Det viktigaste er at elevane får reist og at kommunane får utført tenestene sine
- Ferjemateriellet er dårlegare enn på Ranavik-Skjersholmane.
- Alle ferjesamband heng saman. Sunnhordland og Hardanger bør henga saman.
- Korrespondanse: Bør det vere bøteregime? Fleksibilitet? Buss må kunne korrespondere med ferje og båt.