Huglo brått 250 tonn tyngre

Det blei lossa mange lass skjelsand på Huglo måndag. (Foto: Steinar Hystad)

– Får jorda tilførsle av skjelsand, blir ho nøgd, mindre sur og meir produktiv, seier Albert Eikeland.

Han er leiar i Huglo Bondelag som måndag tok imot  250 tonn skjelsand.Sanden vart levert frå M/S «Sandtroll», som brukar eit stort sugerøyr for å henta stoffet frå gunn sjø i Nordhordland. Ein må ha eigen konsesjon for å driva denne geskjeften.

Med traktorar og lastebil vart den naturproduserte jordvitaminen køyrd til gards rundt på øya. Klar til å spreiast på bøane.

– Det er ikkje kvart år me er like heldige med den delen av jobben, som i år. Turrvêret gjer at me kan køyra ut på frosen jord, seier Eikeland.    

«Sandtroll» er spesialutstyrt for å henta opp og transportera skjelsand. (Foto: Steinar Hystad)