61,5 til kai kvar dag

Tre farty tett i tett ved kai i Leirvik hamn. (Foto: Steinar Hystad)

Ein hurtigbåt og to spesialfarty knytt til havbruksnæringa, var motivet som kunne festast til mobilkameraet her om dagen.  To av skipa fylte opp «Sunnhordlandshopen», mellom Hauglandskaien og Nattrutekaien, medan den tredje låg til den tidlegare ferjekaien i Leirvik. Og biletet,-  det gjev faktisk eit godt og talande bilete på den daglege maritime trafikk innan Stord hamnedistrikt. På Hamnekontoret, som i fjor flytta til nye lokale på Eldøyane, får  Stordront opplyst at det i 2024 vart protokollført 22 472 anløp av båtar og ferjer. Det skulle bli 61,5 anløp per dag.

Etter statistikken gjeld 3,5 av desse anløpa besøk av den gule ambulansebåten «Rosedoktoren»,  som har sin lendingsplass ved Skotabergkaien. Der la båten til 1311 gonger i 2024. «Rosedoktoren» har ord på seg for å vera den travlaste ambulansen på kjøl i heile landet.