
Snakk om å treffa blink. Familiemusikalen Peter Pan er ein rein innertiar frå Stord Teaterlag. Så – ståande applaus til dei 41 unge skodepelarane på scenen, regisørar, foreldre-apparatet rundt, musikarane i «gropo», og dei som styrer lyd og lys. Premierepublikumet fekk nokre eineståande gilde timar i teatersalen i Kulturhuset laurdag. Gjennom stor speleglede, slåande replikkar, masse gøy og litt alvor, flotte dansescenar og god song til frisk musikk – vart dette ei engasjerande herleg stund. Og det til og med i Aldriland…
Peter Pan blir vist søndag 9., laurdag 15. og søndag 16. februar.