![](https://usercontent.one/wp/www.stordront.no/wp-content/uploads/2025/02/Gullfaks-A-Tor-Resser-85-73-9-1024x625.jpg)
TILBAKEBLIKK: Arrangørstaben rekna med at rundt 7000 var innom verftsområdet søndag 8. september 1985, då Aker Stord og Statoil (som begge sidan har skifta namn) inviterte til open dag med innsteg på Gullfaks A-dekket som eitt av høgdepunkta. 4006 besøkande vart registrerte om bord i løpet av dagen, og alle som tok seg til helidekket på toppen, fekk diplom. Frå landingsplassen til helikoptera godt 60 meter over Bømlafjorden spreidde Vikjo Jassband friske tonar. I kinosalen om bord, vart det vist film om Gullfaks.
I Sunnhordland kunne det i omtalen av arrangementet neste dag lesast at mange besøkande gav uttrykk for å vera kraftig imponerte over at det i det heile var mogleg å få til eit slikt byggverk som dette store dekket.