Det er ei stor glede å presentere årets teltprogram. Me håpar og trur det vil treffe mange, og at me får nok ein strålande sommar ilag på Leirvik torg!
Først ute er ein skikkeleg godbit. Me har jobba i to år med å få tak i Martha Leivestad, og fredag 23. mai kjem ho endeleg til Sommarteltet med forestillinga Martha & Co på øyo. Med seg på scenen har to komikarvener som er hemmelege inntil vidare. Det er berre å gle seg! Martha burde vel vera kjent for dei aller fleste gjennom ei rekke suksessar på NRK, VGTV og Podme. Blant anna Høvla Øve, Skål, Martha!, 4ETG og Martha blir rik. I 2021 vant ho Årets morsomste på TV under Humorprisen. No gler ho seg stort til å møta heimepublikummet.
Stord Rock. «Mimrekveld med høg allsongfaktor» var oppsummeringa i Bladet Sunnhordland då ‘70- og ‘80-talsheltane i Thermoztat og De Stressless samlast på scenen i Arena for ni år sidan. 24. mai står dei to banda på scenen igjen, i Sommarteltet på torget, og denne gongen får me i tillegg eit kjærkome gjenhøyr med Terje Thoresen, Kjell Einar «Kjadd» Tverderøy, Svein Inge Midttun og Edvin Løkhammer i Resque Dette blir ein ønskereprise, både for fans og utøvarar, og me kan garantera godstemning!
Fitjarrevyen er blitt eit begrep, og 30.-31. mai og 13.-14. juni inntar gjengen igjen Sommarteltet på Vikjo med berre godbitar og full allsong! Ole Bergesen har sjølvsagt med seg Fitjarbuen og mykje anna og Terje Træet er i storform, og tar pulsen på det som rører seg, og det folk er opptatt av. Med seg har dei Jan Rune Holdhus, for mange mest kjent som June Kommune og Britt-Synnøve Johansen. kanskje ei av norges beste songstemmer. Ny i staben i år er Frank Robert Andreassen, kjent frå tv som «han X-tra fyren». Gjesteartistar vil også dukke opp på allsongen.
Rein Underhaldning er eit band der alle musikarane har tilknyting til Stord. Føremålet er alltid å presentere god musikk i eigne arrangement, og med høg kvalitet. Bandet vart starta i 2000, og har sidan starten spelt ei rekke konsertar både på Stord og i distriktet. Garanti: God stemning!
Bandet, som stiller 20. juni, består av: Margrete Skorpen og Gisle Alsaker på vokal, Jørn Olav Myhre, bass, Jan Evald Kleppe, trommer Erik Halvorsen, tangentar, Jonas Selås Olsen, gitar, Geir Lund, trompet, Jan Kåre Hystad, saxofon og Pål Roseth, trombone .
Far og son-duoen Marius & Farius er klare for å skape magi igjen når dei inntar Sommerteltet på Stord i juni – denne gongen blir det satt opp heile tre konsertar, 21. 27. og 28. juni! Etter to år med utsolgte telt, er dei tilbake for å begeistre sitt trufaste publikum. Med eit unikt samspel, ekte speleglede og ein sjarm som treffer midt i hjartet, har Marius & Farius blitt eit av dei mest ettertrakta namna i Sunnhordlandsregionen.