– Lurer på om døropnaren ved inngongen til Stord Sjukeheimen/Backertunet, ved sida av NAV, er korrekt plassert. For når du trykkjer på opnaren, kjem døra i mot deg slik at du må ta eit steg eller to bakover for å gå inn. Er ein ikkje klar over dette, kan ein risikera å få døra i ansiktet, skriv ein besøkande til sjukeheimen til Stordront.no.
Vedkomande spør vidare om denne løysinga kan vera i tråd med gjeldande teknisk regelverk for offentlege bygg?