Fredag 17. januar var det meste av den korte halvmeteren med snø som dalte ned over land og strand i veke to 2025 forsvunne. Det meste rann til sjøs i lag med striregnet. I nedre del av parkeringsplassen i Sæ vart det liggjande att ein kjempehaug med godt pakka snø. Kompaktsnø, kan vel vera eit dekkande ord.
To veker seinare, fredag 31. januar, ligg det på same staden i Sæ framleis att ein solid klatt, til minne om snødetten som var. Samstundes er det vel i stadfesting på at tempen har vore ganske låg siste tida.