Håpa på 150 – så kom det 500

Klovnen Knut «leverte varene» for 500 i Konsertsalen i 1985. (Foto: Tor Resser)

TILBAKEBLIKK: Her er me tilbake til fredag 8.februar 1985. På sein ettermiddag den dagen kom Klovnen Knut, ein landskjendis på den tida, til Stord kulturhus med  trylle- og tøyseshowet han hadde reist  kongeriket rundt med i  over tre år.

Det vart ein kjempesuksess.

Stord folkeopplysningsråd og Folkeakademi var lokal tilskipar og hadde rekna med å selja 150 billettar – så vart det selt 500. 

Klovneriet gjekk føre seg i den som den gong var  Konsertsalen i underhøgda i bygget. Lokalet vart seinare ombygt til «Småsalen» med amfi, og er mykje i bruk til kinoframsyningar. I Sunnhordland sitt referat frå klovneshoett, les me at publikum så visst fekk valuta for inngangspengane.