«Flygel til lunsj» er tilbake! Denne gongen med stjernefiolinist Atle Sponberg, duoen Vestavill og den flunkande nye konsertforestillinga «Temperaturendringar». ØYHOPPING er tema for konserten – me hoppar frå Cuba til Island via sommarøya Stord.
OM KONSERTEN:
To øyer – nummer 17 og 18 på lista over verdas største – i kvar sin ende av den livsviktige Golfstraumen. Cuba med 11 millionar og Island med berre 380 000 innbyggarar. Ei varm og ei kald øy. Eller vent! Island er også varm, berre på innsida.
Ingibjörg Haraldsdottir (1942-2016) skreiv dikt om Island, Cuba, øyer, utferdstrong og kvinner. Trygve Brøske har tonesett nokre av dikta i ei fargesprakende musikalsk drakt – eit energisk kulturkrasj mellom Island, Cuba og Norge.
Duoen Vestavill (sopran Ingvill Holter og pianist Marita Kjetland Rabben) har invitert fiolinist Atle Sponberg til samspel, og saman turnerer dei med «Temperaturendringar» i vår.
På programmet står også eit utval cubanske og islandske låtar. Regissør/forfattar Marianne Meløy har saman med Vestavill skrive underfundige tekster som bind det heile saman.
Konsertforestillinga står i spenn mellom Cuba og Island (og alle øyene i mellom). Førebu deg på både frysningar og heitetokter!
OM MUSIKARANE:
Atle Sponberg (fiolinist) har markert seg som ein av dei mest interessante norske fiolinistane i dag. Han er aktiv som solist, kammermusikar og orkesterleiar. Atle har vore solist med en rekkje store orkester, og som kammermusikar har han gjesta festivalar over heile verda. Han har også gitt ut fleire album. Ein av Atle sine store lidenskapar er argentinsk tango, som han har studert i Buenos Aires med fiolinlegenda Soares Pax.
Atle spelar i Den Norske Kammerorkester, er kunstnerisk leiar for Sinfonietta Innlandet og tidlegare konsertmester i Kringkastingsorkesteret.
Ingvill Holter (sopran) er fast tilsett som 2. sopran i Edvard Grieg Vokalensemble i Bergen. Ingvill er ein ettertrakta solist, ho gjør roller i opera- og teaterproduksjonar og er mykje brukt som solist med barokkensemble i inn- og utland. Saman med Marita har ho duoen Vestavill, som har markert seg med ei rekkje nyskapende konsertforestillingar.
Marita Kjetland Rabben (pianist) er aktiv som solist, kammermusikar og akkompagnatør. Ho har flere faste ensemble og produserer også eigne tverrkunstneriske forestillingar. Som kammermusikar turnerer ho over heile landet, og ho er også tilknytta Den Norske Opera og Ballett.