Har tankar om nytt «bygolv» her

I dette området er det ønskjeleg med nytt «bygolv» som del av byromstrategien for Leirvik.(Foto: Steinar Hystad)

Første versjon av Kommunedirektøren si arbeidsliste i det nye året, er å rå til som lektyre for den som vil har eit auga og to på det som  skal og kan skje på den offentlege fronten framover. Lista følgjer med når innkalling til møte i kommunale utval blir sende ut. 

Om du som engasjert stordabu kunne tenkt deg endringar i bybiletet, er det verd å mekja seg dette prosjektet som har plass ganske høgt oppe på lista:

«Starte arbeidet med ei detaljprosjektering av nytt bygolv og utforming av Torget og Borggarden som ein del av byromstrategien. Prosjektet får tildelt 300 000 kroner i 2025 og blir finansiert frå utviklingsfondet. Offentleg toalett skal vere ein prioritert del av detaljprosjekteringa.»

I neste kolonna er teke inn status for saka:

«Prosjektet var i 2022 kalkulert til 31,7 millionar kroner, men er  ikkje prioritert i budsjett og økonomiplan. Vil venta med detaljprosjektering til  prosjektet har finansiering for gjennomføring»