– Ikkje noko å få i hovudet

Store greiner er i vinter knekte og har falel ned ved/på gangvegen langs Fv 544 på strekket Leirvik skule – Vabakkjen. (Foto: Steinar Hystad)

Det har tidlegare vore ytra takksemd over arbeidet som er gjort med å reinska langs gangvegen i Vikabrekko – frå Backertunet til Leirvik skule. Mange års tilvekst er fjerna og grøfta er reinska, og skeive tre er nedskorne.

Noko verre stilt er det  langs gangvegen vidare, frå skulen mot Vabakkjen og særleg før ein kjem til trafostasjonen.  Der står det ein heil liten skog med høgre furutre som med stadig nedfall av greiner, varslar at dei er byrja bli svekka av høg alder. Me snakkar om fleire meter lange greiner, som knekk og susar til jorda på fortauet. 

– Beint fram småskummelt. Skulle me får nytt snøfall av kaliberet me hadde tidlegare i månaden, kan fleire av greinene som strekkjer seg over gangvegen knekka. Då er det langt betre at nedskjeringa går føre seg i trygge former, tipsar ein lesar, vendt til «rette instans».

Biletet

Store greiner er i vinter knekte og har falel ned ved/på gangvegen langs  Fv 544 på strekket Leirvik skule – Vabakkjen.