
Til avdeling for Veg, parkering og grønt i Stord Kommune
Det var lenge diskusjonar kring etablering av ein mini-park på den s.k. Eikelands-tomta. Det vart det ingenting av, då eigar ønska byggja leilegheiter på tomta. Det har han sjølvsagt rett til, og eg har inga motsegn til det.
Snart er vinteren over, og vi nærmar nasjonaldagen. I feiringa av den, spelar Torget (sjølv om det er kraftig redusert), Borggata og Hauglandsparken ein viktig rolle deler av dagen. Hauglandsparken fungerar etter salutten som «avspark» på dagen med talar, song og musikk. Hauglandsparken er stort sett den einaste «attlevande» grøne flekk i sentrum, sidan starten på Leirvik som eit sentrum for kommunen. Sjølv om ein prøvde i slutten på 70-talet å gjera ende på parken, vart det stogga gjennom ei heftig protest i lokalsamfunnet. Eg fryktar ikkje for framtida til Hauglandsparken.
Kaisvingen, som omsluttar parken, vart bygd på akkord i 1913-14 av ein far med tre søner frå Voss. Eit stykke ingeniør arbeid det står respekt av, og som har prega Leirvik sentrum i generasjonar. No er øvre del av vegen med mur og stabbesteinar, skulte bak ein «hekk», som eg meinar er ute av kontroll. Hadde det ikkje vært ein ide å fjerne heile hekken, og pynta langs etter muren med blomar? Då hadde heile kai-svingen med sine to murar og rad av stabbesteinar frå kai plan til Borggata kome meir til sin rett igjen. Eg berre spør…
Mvh Magne Bjelland