Eit av punkta som har vekt reaksjonar i det ganske land i «Postutvalgets rapport» om den framtidige postomdeling, er at ein ser på løysing der det blir slutt på iputt i den einskilde postkasse – men at det b lir hentepunkt i staden. Grunnen til nytenkinga ligg i det faktum at talet brevsendingar er sterkt redusert, på kort tid.
Samferdsledepartementet har sendt høyringsbrev til kommunane i saka og på januarmøtet i eldrerådet vart det vedteke å senda sliklydande uttale:
«Stord eldreråd ber om at det vert tatt omsyn til ulike behov og grupper når det gjeld høve til reservasjon mot henting av post på hentepunkt. Det må og vera høve til å anka avgjersla. Det må utviklast ein ny praksis for bruk av forfallsfristar når det gjeld utsending av til dømes faktura.»