God start for «nye» Baard Hauglands plass   

Eføyen og andre bladvekster er klypt godt ned – men det kan godt takast meir. (Foto: Steinar Hystad)

For ein som har vore nabo til  parken i Nordre Kaisving på Leirvik i 70 år, varma det kring hjarta då tre  flittige utsende frå den kommunal grøne etat starta veka med å gå laust på tilveksten av  eføy og anna bladverk med sterke sakser.  Det viser godt att på plassen, at nokre  lastebil-lass med greiner vart køyrde  vekk. No ser me  toppen av stabbesteinane, men endå kan det klyppast vekke mykne meir. Gjerne så kraftig nedkutt at me igjen kan få sjå den flotte muren som leiar opp mot Borggata.

Samla meiner med heile Nordre Kaisving med steinar og røyrgelender oppå (må snart bytast heile vegen), er eit kulturminne som må stellast der etter.  Målet for arbeidet som er kome i gang, må ikkje vera mindre enn at  Baard Hauglands plass skal framstå i fornya versjon.  Vikjo og byen vår fortener det.

På tid å skifta røyr-gelenderet på stabbesteinane. Belte og kjetting passar liksom ikkje inn på eit kulturminne. (Foto: Steinar Hystad)