TILBAKEBLIKK: Helga 23. – 24. mai 1987 var Stord turn og idrettslag tilskipar av barnekrinsturnstemnet for Hordaland. Det vart full klaff med veret og arrangmentet. Til tider så varmt under sola at det vart snakk om å kle seg – for ikkje å bli svidd i huda. 1900 deltakarar var med, og dei sette sitt preg på Leirvik med defilering frå Kulturhuset til oppvisings på stadion søndagen. Eit imponerande skue, og stemning som kalla fram stadfestande uttale om at det er «dette som er vårens vakraste eventyr». Stemnet tok til med finalar i Turniaden laurdagen.
Mimrebiletet Stordront.no kan presentera i denne utgåva av Tilbakeblikk er teke frå «Liverød-bygget» i Osen, og viser eit helst ope landskap kring Kulturhuset – i alle fal samanlikna med dei store trea som pregar innkøyrsla i dag. Ei viss omlegging av trafikkmønsteret i området har det også blitt.