Sagvågs-plan: – Ber om deltaking i heile prosessen

Det skal no lagast strategi for utvikling av Sagvåg sentrum og hamn (Foto: Steinar Hystad)

«Strategi for utvikling av Sagvåg sentrum og hamn – representantar til ad hoc-utval». Dette var tittelen på sak til behandling på januarmøtet i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Frå rådet vart denne uttalen sendt over til administrasjonen i kommunen:

«Rådet reagerer på at ein ikkje er involvert frå start i arbeidet med ein strategi for utvikling av Sagvåg sentrum og hamn. Me ser det som avgjerande at me vert involvert i arbeidet både med strategi og plan. Våre innspel vil vera viktige på alle tidspunkt i prosessen. Saka refererer til folkehelsemål for kommunen, og me vurderer rådet som ein viktig bidragsytar til dette arbeidet. Oppmodar om at ein finn plass til ein representant frå rådet, som tek del i arbeidet frå start.»