Kvinnheradstiftinga støttar òg på Stord

Stord Pentanqueklubb, som driv ein sosial aktivitet for alle, var ein av tre lag på Stord som fekk støtte av Kvinnheradstiftinga no i januar (Arkivfoto: Steinar Hystad)

Kvinnheradstiftinga har gjennomført årets første tildeling av midlar til friviljuge organisasjonar og melder om følgande på eigne nettsider:

Det er med stor glede Kvinnheradstiftinga kan fortelje at vi no har gjennomført den fyrste tildelinga i 2025!
Mange gode søknader og vi har fått æra av å støtta fleire fine prosjekt som kjem lokalsamfunnet til gode.
Alle som har fått tildeling har fått melding om det.
Vi har allereie fått mange gode tilbakemeldingar frå glade organisasjonar som fekk tildeling i denne omgangen.

Søknader under kroner 30 000 vurderer vi etter kvart med inntil 6 vekers behandlingstid.
Her er lenke til søknadsportalen

Vi ser fram til eit år fylt med engasjement og utvikling, der aktive frivillige spelar ei sentral rolle.
Innsatsen deira skaper liv og røre, og utan dei hadde ikkje prosjekta vore mogleg.
Vi gler oss til å fylgja arbeidet vidare og sjå korleis støtta vår bidreg til noko positivt for mange.

Tusen takk til alle som har vore med på å gjere dette mogleg – saman byggjer vi framtida!

Her er lista over dei som fekk tildelt gåve:

  • Husnes og Valen helselag – Førstehjelpskurs til ungdommen – 30.000,-
  • Trio IL – TrioLøftet – 30.000,-
  • Internasjonalt kor i Odda – Gospelprosjekt – 30.000,-
  • Uskedal ungdomslag – Oppgradering fjellhytta – 30.000,-
  • Stord Pentanqueklubb – Ein sosial aktivitet for alle – 29.500,-
  • Stord Idrettslag – Nye stenger og nett – 29.000,-
  • Int.laget Postvegen, Ølfernes – Herøysund – Vøla skader på Postvegen – 25.000,-
  • Stord bygdekvinnelag – Sosial ordning/mattradisjon – 20.000,-
  • Husnes Indremisjon – TV-skjerm i PlayStation-rommet – 10.000,-
  • Fatland vel – Påfyll av grusmasser for Strondaløpet – 10.000,-
  • Rosendal Turnlag – Barnas restaurant, Rosendal – 5.000,-
  • Til saman kr. 260.500,-