– Jammen går tida fort! Har da alt gått 10 år sidan denne vart bygt, sa turgåaren og peika mot det vesle treskiltet over inngangspartiet på gapahuken i Skjephaugen. I treklossen er årstalet 2013 inngravert, sjølve staden det turhytta står er skilta med Skjephaugplassen.
Eit par år etter at seniorar i Stord Fitjar Turlag hadde bygt gapahuken, på dugnad naturlegvis, kom det endå eit skilt på treveggen. Med godt med folk til stades, vart Skjephaugplassen kåra til «Ambassade» i høve friluftslivets år. Dette var tredje gapahuken i turlagsregi. Frå før hadde ein slike turmåltilbod ved Rydlandssago og på Lundarstøl. Seinare er det kome til gapahuk i Stuvikjo ved Ådlandsvantet, ved breidda av Hustrudalsvatnet på Litlabø og ved Kidnavatnet i Fitjar. Turlagsmedlemer, står for tilsyn og vask, på dugnad naturlegvis.
Turlagsleiar Gerda Øen er overtydd om at kvilehyttene har hatt mykje å seia for den solide og aukande interessa for å ta seg ut i naturen på øya vår. Aktiv til 100 aktiviteten har vore og er ein suksess, i så måte.
Øen nyttar også høve til å senda takk til velvillige grunneigarar ved desse prosjekta.
Ved Hauglandskverna har Rotary sett opp gapahuk, og det same har Sagvåg Bygdalag gjort på Vaskeriplanet i Gruo.