Folkemøte om ferjesituasjonen

Seinast måndag vart første ferjeavgang frå Nordhuglo innstilt grunna  reglar om kviletid etter nattleg beredskapstransport for ferja «Julsund». (Foto: Steinar Hystad)

Amfisalen på Tysnes skule kan vera ein interessant stad å møte opp klokka 1800 i dag. I lys av mange ferjetur-kanseleringar i dei to sambanda til/frå Tysnes, ber kommunen til folkemøte om ferjesituasjonen. Til møtet kjem Anne Iren Fagerbakke, direktør for mobilitet og kollektivtransport Vestland fylkeskommune. Arve Helle, leiar for samferdsleutvalet i Vestland fylkeskommune og Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss

– Dei vil informera om kvifor vi fekk så mange innstilte avgangar i 2024, og korleis dei ser for seg at ferjetilbodet til Tysnessamfunnet blir i 2025. På beredskapssambandet mot Stord er det stadige innstillingar som følgje av sjuketransport på natt, og dei vil informere om korleis det jobbast med dette hos Skyss og Vestland fylke, går det fram av møtekunngjeringa frå kommunen. Det blir også gjeve informasjon om at arbeidet nye ferjeanbod gjeldande frå 2030.

Sidan Nordhuglo blir råka av same  innstilte avgangar som Hodnanes, bør dette møtet vera av store interesse for stordabuar opptekne av god samferdsle.