Går mot fullt hus for DANSEMIMRING II

Spelar opp til dans på nyåret: Per Øystein Kannelønning, Odd Tollaksvik, Endre Olsen og Roald Kaldstad. (Foto: Steinar Hystad)

Inspirert av samtaleserien «Då rocken kom til Sunnhordland» fann Per Øystein Kannelønning, Odd Tollaksvik, Endre Olsen og Roald Kaldestad ut at dette var såpass kjekt at dei måtte spela meir, og no er dei for andre gong klare til å fylle Arena med god dansemusikk frå 50-70-talet. Denne gongen har dei med seg Kjetil Ottesen på song og Martin Hystad på trommer!

Frå Arena vert det meldt om godt billettsal.