200 innspel til arealbruken i  Stord kommune

Blir den reviderte kommuneplanen sin arealdel  KPA vedteken etter framlegget, blir det lagt opp til meir fortetting av bustader i Leirvik. (Foto: Steinar Hystad)

For dei mange som er interesserte i korleis areala  innom kommunegrensene i Stord skal brukast framover, kan det vera lurt å merka seg at dei tre bokstavane KPA betyr KommunePlanen sin Arealdel.  Forslaget til planen som har vore i arbeid sidan 2022, skal presenterast for formannskapet på møtet måndag 20. januar – i morgon.  Det er blitt eit omfattande dokument med mange vedlegg, sidan det kom inn rundt 200 innspelt då stordabuen i fjor vinter vart inviterte til deltaking i prosessen.

Kommunedirektøren står for presentasjonen måndag, og vil då svinga innom mange emne som skal opp til drøfting frametter, mellom anna blir det lagt opp til at 69 nogjeldande reguleringsplanar skal opphevast – til fordel for den meir samlande arealplanen.  Sagvåg blir nemnt som bydelen med mest areal  til bustadreising framover.  I sentrumskjenen Leirvik  blir det satsa på fortetting. I dei 10 åra planen skal gjelda for, fram til 2035, blir det kalkulert med folktalsauke.

Kommunedirektøren skriv mellom anna dette, når han gjer sine vurderinga av planen:

«Generelt er det lagt ned eit stort arbeid i å revidera kommuneplanen sin arealdel. Fokus i planen har vore å balansera dei ulike omsyna i ønska samfunnsutvikling. Desse omsyna er knytt til nok bustadareal, tilgjengeleg areal for næringsutvikling, ta vare på viktig natur, strandsone og moglegheit for friluftsliv. I tillegg skal det vera moglegheit for utvikling i heile kommunen. Utkast til kommuneplan legg til rette for ein god bustadreserve, sjølv med svært god folketalsvekst. I tillegg ligg det inne store areal med ubygde næringsareal. Viktige områder for friluftsliv i strandsona og store LNF-områder er ivaretatt. Omsyn til natur og kulturminne er betre enn i gjeldande kommuneplan. Kommunedirektøren meiner at planen slik den ligg føre no er klar til å leggjast ut til offentleg ettersyn.»