Søndag for ei veke sidan var regionen dekka av eit kvitt og fint lag med snø. Så slo veret brått om og me fekk rekordarta nedbør per time – og lærte då kven som er den raskasate snømåkaren i heile verda. Det er naturlegvis naturen sjølve. Men der det hadde samla seg lokale snøfjell, sleit sjølv plussgrader og lunka regn med fjerninga. Med tida vil nok også desse haugane forsvinna, i mellomtida kan me lura på kva som gjer at snøen kan bli så skiten. Er det uhumska i lufta eller støv me produserer gjennom diverse aktivitetar?