Dei som gjekk mot dei automatiske inngangsdørene i Kulturhuset 17. mai i fjor, vart ståande ute. Stengt Kulturhus på nasjonaldagen, var eitt av fleire tiltak for å halda utgifter nede i eit anstrengt budsjettår for kultureininga og kommunen. I år vil dørene opna seg for publikum på nasjonaldagen:
– Me har no fått oversikt over budsjettet for 2025 og me kjem til å halda Kulturhuset ope denne dagen, frå 1200 til 1930, melder kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen.
Ho har sendt e-post i saka til Leirvik Mannskor, slik at koret i god tid kan byrja jobba for tradisjonell ettermiddagsmatine i storsalen den syttande. Trongt kommunebudsjett gjort at matineen vart avlyst i fjor.