Halvtimen det tek med høvande fart frå Leirvik til Sandvikvåg, baud i middagstida onsdag på stor snøvariasjon i langs E39. Trass øs-pøs og eindel varme grader nokre dagar, var det framleis litt kvitt att i vegskuldrene mot Grov. På flatane mot Agdestein og Uføro låg det høge fonner, og som «vanleg» var det heller smått med snø å sjå frå Jektavik og vidare nordover. Passert kommunegrensa til Fitjar, var det så få kvite flekker å sjå at ein kunne fornemma vår i kjømda.
Etter seiande skal denne ujamne nedbørsfordeling ha med Stordafjellet å gjera. Det er sagt at skyer lasta med regn eller snø, må sleppa frå seg lasta for å koma over fjellet som i nord på Agdestein stikk seg like ut i Langenuen. Observasjonar siste tida kan tyda på det.