Byggenytt i Stord – kring årsskiftet

Turnhalltoppen i full produksjon i Øvre Borggata. (Foto: Steinar Hystad)

Eining for regulering, byggesak og oppmåling (RBO) informerer jamt  medlemene i eigen fagkomite – Utval for byutviklingi – om kva vedtak som er gjort per delegasjon på etatskontora. I nyaste bulletinen  per 13. januar 2025, blir det også opplyst at ein så langt i det nye året har hatt føre 12 saker, medan 508 saker vart avgjort gjennom fjoråret.  Her eit utval søknader som fekk ja-svar på tampen  av 2024 og starten på 2025:

  • Løyve til tiltak – riving og nybygg einebustad, Almåstre
  • Mellombels bruksløyve, brakkerigg 238, Kjøtteinsvegen
  • Løyve til tiltak, skjermingsgjerde, Valevegen
  • Løyve til igangsetting, ny brannstasjon, dekklager og carport, Bandadalen
  • Løyve til tiltak, tilbygg altan, Hornelandsvegen
  • Løyve til tiltak, nybygg verkstad, reiskapshus, Litlabøvegen
  • Ferdigattest, einebustad, Holevegen
  • Løyve til igangsetting resten av tiltaket  med bustadblokk med garasje Turnhalltoppen
  • Løyve til tiltak, rehabilitering teglpipe, Flathaugane
  • Løyve til tiltak, flyttbart modulbygg, Eldøyane
  • Ferdigattest, nybygg lagerhall for salt og strøsand, Meatjønnsvegen