111 gjekk årets første langrenn

Frå starten av første rankingsrenn 13. januar 1985 – på Skistadion ved Fjellstova. (Foto: Tor Resser)

TILBAKEBLIKK:  Her me tilbake til søndag 13. januar 1985, dagen skientusiastane i regionen hadde sett fram til med lengsel. Endeleg var det kome såpass med snø i løypene kring skistadion ved Fjellstova og innover mot Lundarstøl og Hetlesæter, slik at Skigruppa i ST&I kunne invitera til første rankingløpet det året.

Løypa var 4.1 km lang og seniorane gjekk tre rundar. Ein og to rundar for dei ynste og dei i turklassen. 29 valte turklassen medan 82 starta i dei ymse konkurranseklassane.

Langrennarane kom frå Stord, Fitjar og Tysnes.

Øystein Eide Eskeland, Stord, var raskast i sporet gjennom langløypa.