Sundag 19. januar står mMokkat Vokalensemble og Stord Gitartrio saman på scenen i Gamle Fengselet Kulturhotell. Dei to ensembla har vore aktive på den lokale kulturscena sidan 2007.
mMokkat Vokalensemble ynskjer å løfte fram kvinnelege diktarar og komponistar og vil denne kvelden syngja romantisk renessansemusikk, samt samtidsmusikk skriven av Kjersti Follesø. Ensemblet består forutan Follesø av Anne Guro Korsvoll, Ingjerd Kannelønning Kolstad, Maria Malmsten, Ingvild Toskedal, Tone Heide, Siw Vad Larsen og Herborg Tegle.
Stord Gitartrio består av Tom Stien, Åsmund Espeland og Einar Steinkopf og kjem til å traktere verk av kjende komponistar som Astord Piazolla, Enrique Grados og originalmusikk for 3 gitarer av Paolo Bellianti.
Ensembla skal òg framføre eit nummer saman.