Lett eldre vikajenter og -gutar ser gjerne litt ekstra ned når dei på byturen på denne årstida passerer området «Hellandshuset» (Åtgaum), Søre Kaisving (ved Brillianten) på toppen av Torgbakken. Området har lange Vikjo-tradisjoner med å vera første staden med fysiske vårteikn.
Slik også i 2025.
Under ein halvmeter snø har ein bukett snøklokker mobilisert krefter til eit «gjennomslag» mot frisk luft. Det skulle borga for at naturen går ein vante gange. Og takk for det.
Men ei kjent påminning om årstida, kan vera på sin plass. Her det første verset av Solskinsvisa, skriven av Preben Nodermann:
Sov du vesle spire ung
Enno er det vinter
Ennå sover bjørk og lyng
roser hyasinter
Ennå er det langt til vår
Langt til rogn i blomstring står
Sov du vesle spire
Ennå er det vinter…