At nokre av flaka i ei tett snøbyge treff ein tynn leidning er vel rimeleg naturleg, men derfrå til at det bli kvit t luftspenn med diameter på 5-6 centi – er ganske utruleg. Og ikkje minst, vitnar det om treffdugleik på høgde med toppane i skiskytinga. Snøen festa seg så godt at han vart hengjande sjølv om vinden fekk leidningen til å svaia.
Eit mellombels kunstverk, som er klart for nedfall når det framover ei vekes tid er meld jamt regn. Me takkar for besøket.