Kommunestyret har bestemt at det skal lagast ein strategi for utvikling av Sagvåg sentrum og hamn. Strategien skal nyttast som grunnlag for ny områderegulering av Sagvåg.
Med desse setningane innleiar samfunnsplanleggjar i Stord kommune, Tove Vikanes Agdestein eit brev sendt til ei rekkje instansar, som vert bedne om å mønstra medlemer til eit ad hoc-utval som skal fungera som prosjektgruppe for strategien. Her skal det vera med fire folkevalde, to frå ungdomsrådet, ein frå eldrerådet, to frå kommuneadministrasjonen, ein frå Stord næringsråd, ein frå næringsdrivande i Sagvåg og to representantar frå lag og organisasjonar i Sagvåg, utpeika av Sagvåg forum.
Av skrivet går det vidare fram at eit konsulentfirma vil bli engasjert med ansvar for prosess og dokumentasjon.
Det er planlagt tre møte i det nye utvalet, to i vår og eitt til hausten.