Torsdag 16. januar klokka 19:00 kjem Marta Høyland Lavik til Stord folkebibliotek for å snakka om åndeleg omsorg i helsesektoren.
Høyland Lavik er professor i bibelvitskap ved Univesitetet i Stavanger og er forfattar og medforfattar av ei lang rekkje artiklar og bøker. Mykje av det ho har vore oppteken av er møte mellom bibeltekstar, sjukdom og død. Ho har òg skrive innsiktsfullt om åndeleg omsorg i helsevesenet meir generelt.
– Dette er temaet ho skal snakke om på biblioteket, melder Stord kyrkjeakademi. – Innganspengar er kroner 150.