Tretten i ein hams – svært sjeldan

Her kan du tella til 11 – og med to til på «baksida» blir det 13 nøtter i hamsen. (Foto: Steinar Hystad)

Etter funnet av hams med tretten hasselnøtter  i  på Nordhuglo i fjor haust, har Stordront prøvd å ut finna ut kor uvanleg dette er. No har me fått stadfesting på at funnet i  det minste er «svært sjeldent».

Frå pedagogisk leiar, Odette Tetlie, ved Universitetsmuseet i Bergen (Naturhistorisk museum) fekk me tidlegare i veka denne meldinga:

«Jeg har snakket med seksjonsleder Hilde i Muséhagen, som ble veldig overrasket over 13 nøtter i en og samme hams! Det er ganske sjeldent, men naturen overrasker jo ofte, sier hun. Selv har hun aldri funnet mer enn fire nøtter i en hams.»

1 til 4  er då også svaret Stordront får når me googlar  «kor mange nøtter i ein hams».  No veit me at 13 er «ganske sjeldent» – men kan det vera snakk om ein slags rekord?

Lokalt eller nasjonalt?

Nokon som kan hjelpa oss fram til rette svaret?  Send oss ein e-post til  tips@stordront.no.