Sjølve brøytejobben som gjer at gåande og køyrande kjem seg fram med skikk, er godt gjort. Men heile oppdraget med snøfjerning frå sentrale strok i kommunen er likevel ikkje til endes.
– Nei, me har framleis ein jobb å gjera på den fronten, seier Roar Landa til Stordront. Han er driftsoperatør i dei kommunale teknisk tenster, og har saman med resten av staben vore gjennom krevjande brøytedøger. Mykje av snøen som er fjerna frå vegar og fortau og parkeringsplassar er samla i store dungar, og det er når nettstaden spør kva som skal skje med «all denne snøen», Landa fortel om meirarbeidet som ventar.
– Snøen skal fraktast til eit asfaltert område for mellomlagring, og smeling når den tid kjem. Der vil det som måtte vera av uhumska i den kvite massen bli liggjande att, så det kan sopast saman og bli levert på rett stad. Snøfjerninga er også viktig for å skaffa fri veg til slukar og avløp når det no går mot mildver. Det skjer visst alt til komande helg, seier Landa.