Opna lysløypa på fjellet

Frå opningseremonien for Lysløypa, i fremste rekkja tiltakssjef Audvald Kvamme, leiar i skigruppa Kirsten og e-verkstyrar Magne Bratseth og Røsjorde. (Foto: Tor Resser)

TILBAKEBLIKK:  Det som skjedde på kveldstid tysdag 6. januar 1987, må skrivast inn i Stord si skisoge som ei

storhending. Då vart nemleg  lysa tente på første del av del av det som i alle år seinare har vore den mykje brukte lysløypa,   med start og mål på Skistadion ved  på Lundsseter. Medlemer  i skigruppa i idrettslaget har har vore kvikke  på pletten ved snøfall og  stelt gode spor.

Første del av lysløypa, frå toppen av Ormabrekko til  Lundarstøl var 1,5 kilometer lang  og  var eit fellesprosjekt mellom  skigruppa, kommunen og  det kommunale e-verket.  Representantar frå nemnde partar var alle til stades ved den offisielle opninga, der det vart opplyst at neste målet var å få pålar og lys på plass  i heile rundløypa på 4,2 kilometer til sesongen 1988.