I det trivelege ungdomshuset på Rommetveit har alle som likar å dansa eit unikt dansetilbod. Der møtest dansarar frå ei rekkje kommunar stort sett annankvar torsdag.
Det er Stord Folkedanslag som står for desse dansekveldane. Tidlegare år har dei hatt tilhald i Turnhallen, som no er historie. I nokre år var Litlabø og Sagvåg samfunnshus dansearenaen. No er altså dansen i Samhald, eit godt eigna hus med allsidig aktivitet.
Mange trur at på desse dansekveldane i folkedanslaget er det berre «gamaldans» med vals, reinlendar, polka, turdansar, folkeviser og annan dans i denne kategorien. Alt dette er det i løpet av kveldane, men i tillegg er det kjekke bytedansar, tango, slow og ikkje minst rikeleg av swing. Alle som gjekk på dans i Turnhallen, Samhald og Samfunnshuset på 1960 og 1970- talet bør absolutt tenkja på å nytta seg av dette flotte dansetilbodet, også endå yngre frå 1980-talet og seinare.
Dei som er skeptiske til at dei ikkje vil få til ulike tur- og fellesdansar, treng ikkje frykta at dei dummar seg ut. Alle på dansegolvet er amatørar som har stor glede av å svinga seg, og gjer ein feil, eller er litt i utakt, er det ingen som gjer noko vesen av det. Alt er moro, og alle skal føla seg vel og velkomne i eit triveleg miljø.
Desse kveldane inneheld elles ein god matpause med drøs og sosialt fellesskap. Alle har med si eiga «niste». Gladgjengen Stordingane og Jostein Sørtveit med trekkspelet sitt syter for flott dansemusikk. Det er full fart og god stemning , og så er det ekstra kjekt at dansarane kjem frå ei rekkje kommunar utanom Stord; Bømlo, Haugesund, Sveio, Tysnes, Tysvær og Fitjar. Interkommunal forbrødring av beste sort.
Fyrste dansekveld i år er torsdag 9. januar kl.19.00
KOM OG BLI MED PÅ DANS I SAMHALD !