Laurdag kveld bukserte to slepebåtar den lage lekteren «Tronds Barge 017» til nordenden av Nattrutekaien. Der låg same lekter for eindel månader sidan og fekk plassert 176 brakker på det romslege dekket i regi av Stord Innkvartering AS, for så å bli slept til Boliden i Odda og vera bustader for anleggsfolk i samband med eit større byggjearbeid. No er jobben inst i Sørfjorden gjort og det er tid for nedrigging. Det er rekna tre veker + til lossing av brakkene, opplyser hamnekontoret.