Tel biltrafikken

Boksen registrerer og tel bil-trafikken i Hamnegata. (Foto: Steinar Hystad)

På ein påle ved Hamnegata og på to pålar langs Vikabrekko, heng for tida godt innkapsla måleapparat tilhøyrande  Vestland fylkeskommune.

– Me tel biltrafikken på nemnde stader, slik det blir gjort gjort  på dei fleste vegar i fylket ein periode kvart  fjerde til femte år. Slik skaffa med oss eit handfast bilete på trafikkutviklinga, får Stordront.no opplyst i fylkeskommunen si geodataavdeling.

Registratoren skil mellom «vanlege» personabilar og lange bilar. Det blir ikkje drive fartsmåling eller fotografering med desse boksane.