Endeleg: – Uvissa vekke i «uvissekrysset»

Ut frå Langelandsvegen, Eldøy eller Lauvdalen, har du vikeplikt for trafikken på Verftsvegen. (Foto: Steinar Hystad)

Nett før helga vart den svarte plasten på varselskiltet fjerna og dermed vart det heilt klare retningsliner for korleis biltrafikkne skal renna i krysset Langelandsvegen/Verftsvegen. På folkemunne omtalt som «uvissekrysset», sidan det ofte vart til at bilar frå alle retningar stoppa på for å sjå kvar som skjedde.

Men no,  er det  klart at  Verftsvegen er blitt forkøyrsveg og  dei som skal innpå har vikeplikt – anten bilane på fylkesvegen kjem frå nord eller sør.