I julehelga i fjor vart ein av dei staslege lyspålane i Borggata, hovudgata i byen, broten ned. Og har sidan vore nede for telling, i ymse variantar. Sist tida har ei halvtjukk plastrøyr vore kamuflasje over stålstubben som vart ståande att etter av den skadde delen av pyntepålen vart fjerna. Innretningen kan minna om ein slags uskytingsrampe.
Stordront har ved flerie høve omtalt skaden, og det næraste me er kome informasjon om kva som skal skje med pålen, var svaret tidleg på året (i år) om at ein måtte venta til telen hadde forlata gata før reparasjonsarbeidet vart sett i gang. Dette tiltaket er me mange som ventar på framleis.