Var ein besøkande på strekningen Kyrkjeberget – Rådhuset laurdag rundt klokka sytten hundre, var det om lag 70 grunnar til å bli styrka i trua på julenissen. Så mange blei i år med på fellesnissejoggen i regi av Lyranissane. Ei ung og lokal nissetradisjon med føremål å kombinera lett trim med støtte til Frelsesarmeen sitt gode arbeid. Det heile med glimtet i «øget» så avgjort til stades. Ved det prektige juletreet i Borggarden framfor Rådhuset var det talt og ønskt god jul.