Sjå kor flott det vart

Er blitt reint og fint langs gang- og sykkelvegen i Vikabrekko. (Foto: Steinar Hystad)

Ein dag i veka som gjekk påpeika Stordront.no kor «subbe», vått og fullt i lauv og barnåler det var i  den skjerma  gang- og sykkelvegen langs Vikabrekko,  fylkesveg 544.

Så kom natt til fredag. Me var komne under dyna og  låg og venta på besøk av Ole Lukkøye. Han let venta på seg og det vart til at me kikka ut vinduet i vona om å sjå  svevnleverandøren koma svevande ned frå Teletårnet. Men ingen Ole å sjå der  ved eitt-tida. I staden festa blikket seg på blinkande varsellys, gravemaskin og mannskap  i full jobb med reinsking bak fortausmuren i Vikabrekko. Nattarbeidet gav strålande resultat. Brått vart det reine stasen å vera mjuk trafikkant opp og ned  «Skulebrekko» som innfødde sa i tidlegare tider.  

Så, takk for velgjort.