– Veden måtte hoggast før helga stunda til

I band I av Stord bygdebok «Stod i gamal og ny tid» (1972) skriv Ola Høyland mellom anna dette om høgtidsskikkar:

«Jolehelgi tok til då kyrkjeklokkene ringde helgi inn om afta. Til dess måtte alt førebuingsarbeid til høgdtidingi vera unnagjort. Og førebuingi hadde dei halde å med lenge, for det var sumt abeid som krov lang tid. Det skulle bryggjast øl til jol, og det tok to-tre veker fråd ei la maltet i blot til dei kunne tappa det kaldt og godt i ølbollen. Grisen skulle slaktast og stellar og det skulle bakast og vaskast.

Føre jul måtte karane syta for rikeleg med god opphoggen ved i skuten. Det var ikkje skikkeleg stell på garden om ein høyrde dei maksla med ved so lenge romhelgi varde.»

God helg.

Nokre slitesterke ordtak til helge:

  • Lita hjelp, er også hjelp
  • Det er mange kloke på land, når det skjer eit uhell på sjøen
  • Hjelp eit menneske i motbakke, ikkje når han er komen opp
  • Den som vil smaka alt, må tåla både surt og salt

Nokre ord som var på veg ut av stordamålet alt for 50 å sidan

  • Plaser = moro, hugnad
  • Plent = absolutt, heilt sikkert
  • Pløsa =bløra eller blåsa
  • Posen = svella ut, bolna, trutna, hovna