For eit par år sidan verka alt klart for å bed om anbod på trafikksikringstiltaket gang- og sykkelveg frå Heiane til Vabakkjen. Alle planar var godkjende og det såg ut for at midlane var tilstades. Så kom kontramelding frå prosjektorganisasjonen om at tiltaket ikkje var fullfinansiert og Vegvesenet la prosjektet på is. I brev sendt Statens Vegvesen på Lillehammer tidlegare denne månaden, peikar ordførar Sigbjørn Framnes på kor viktig dette tiltaket er for trafikktryggleik og trafikkflyt. Kommunen ønskjer no fortgang i saka og viser m.a. til pasus i statsbudsjettet for 2025:
«Eksempelvis kan det være aktuelt å starte opp arbeidene med skredsikring i Almenbakkane på rv 15 og gang- og sykkelveg på strekningen Heiane – Vabakkjen på E9».
Me håpar Statens Vegvesen vil prioritera prosjektet for oppstart og gjennomføring i 2025, skriv Framnes og peikar på fakta som:
- Årsdøgertrafikken (ÅDT) langs den aktulle strekningen er 16 850 og er den høgaste på E39 utanom byregionane Stavanger og Bergen.
- Trafikkmengda på den aktuelle strekninge kvalifiserer i dag for firfelts veg bygd som hovudveg H3. Dagens standard er tofelts veg utan tilbod for gåande og syklande.