Vasspytten er i vekst

Må hoppa for å koma turr-skodd  inn på overgangsfeltet. (Foto: Steinar Hystad)

Ikkje slik å skjøna at Stordront.no er generelt oppteken av vass-samlingar, då hadde det blitt gjort lite anna når regnbygene er vekelange, men det er pyttar som skil seg ut. Ein av dei er såpass sentral og ligg på ein  plass det burde vore turt å ferdast.  Sjå berre på biletet,  teke ved India Gate restaurant («Narvesenhjørna») . Dei som vel å kryssa  nedre del av Borggata på denne staden, må innleiingsvis hoppa ein god meter for å koma inn på «tørt land».  Pytten har lagt på seg gjennom vinteren – og ber no om dreneringshjelp.