Fokus på alkohol-reklame i sosiale medium

Strenge reklamereglar for serveringsstader som byr på alkoholhaldig drikke. (ill.foto)

Serveringsstader med alkoholhaldig drikke på menyen har fått skriv frå Stord kommune med tips om kva  alkokontrollen i år vil retta fokuset mot.  Ei eiga verksemd, NoRoSun, står for tilsynet med alkoholsalet i Nord Rogaland og Sunnhordland og utfører tenestene  på kontrakt med kommunane.

– Det vert i 2023 retta eit særskilt fokus  på reklameforbodet i sosiale medium og alderskontroll inne på skjenkestadene. I tillegg vil det framleis bli ført årleg tilsyn med skjenkestadene sin internkontroll, går det fram av skrivet  sendt frå dei kommunale Fellestenester.

Regelverket for kva som kan meddelast  på sosiale medium er ganske så strengt:

– Det er lov å leggja ut skjenkestaden sitt namn, opningstider, kvar rettar skjenkstaden har og biletet av interiør og lokale, men ikkje av alkolholhaldig drikke  eller noko som kan  assosierast med slik drikke, eller gjester i «drikkesituasjonar» . Det er lov å informera om at dei som ønskjer det, kan finna meir informasjon på skjenkestaden si heimeside, heiter det vidare i brevet frå kommunen.