Tidleg måndag fekk driftsleiar ved Sunnhordland Museum melding om at det fossa vatn ut frå stampa, den nederste bygningen ved Vikabekken oppom Kulturhuset.
Det vart utrykking, og det viste seg at ubedne gjester hadde «tetta» renna som fører vatnet inn til stampa, når den skal i arbeidet. Det er det lenge sidan stampa har vore. Difor er det i renna vanlegvis eit ope felt, slik at vatnet renn rett i bekken. Mannskapet frå museet fann at ukjende plankar var lagt over «holet» i renna og såleis fossa vatnet rett inn og gjennom den gamle bygningen. Heldigvis vart det ikkje gjort større skade.
Som ein naturleg følgje av mykje nedbør siste tida – er det for tida stor stor vassføring i Vikabekken.