Ønskjet frå medlemer i Utval for oppvekst og kultur om å bli betre kjende med det frivillige kulturlivet i kommunen, vart oppfylt tysdag sist veke. Der møtte utsendingar frå frivilligheita med innlegg og der baud kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen på oppdatert informasjon og tal frå kultursektoren. Dei viser at lags- og organisasjonslivet i Stord (utanom idretten) har eit samla medlemstal på 4 500, som utførar 80.000 dugnadstimar i året. I tillegg til øvings- og klubbkveldar står kultur for 400 opne arrangement i året.
Oversikt som borgar for stort mangfald i frivilligheita vart lagt fram:
- Stord skulekorps
- Langeland skulekorps
- Stord Folkedanselag
- Rommetveit skulekorps
- Sagvåg skulekorps
- Stord musikklag
- Stord frimerkeklubb
- Sagvåg musikklag
- Breibandet BigBand
- Stord rulleklubb
- Huglo skulekorps
- Sunnhordland kammerorkester
- Damekoret Corona
- Stord Soul Children
- Songlaget Stordabuen
- Stordkoret
- Sanctus
- Stord con Spirito
- Leirvik mannskor
- Happy
- Stord demenskor
- Stord musikkråd
- Stord jazzklubb
- Koret Ichtus
- Stord blues og Roots
- Olsen og Jensen viseklubb
- Stord teaterlag
- Lovsongsbrørne
- Foreningen Spinae
- Småsceneri
- Stord Sogelag
- Stord husflidslag
- Stord Fitjar turlag
- mMokkat
- IPX
- Sunnhordland brettspelsklubb
- Speidarane
- Internasjonal kulturklubb Stord kunstlag
- Stord filmklubb
- Stord fotoklubb
- Folkeakademiet Stord
- Stord bygdekvinnelag
- Stord knivklubb
- Stord mållag
- Stord Quiltelag
- CISV
- 4H
- Venelaget for Gruvo
- Venelaget for Hagerupshuset
- Venelaget for Leirvik fyrstasjon
- Venelaget for Hatland skule
- Venelaget for parken
- Utbygdo grendahus
- Samhald
- Litlabø samfunnshus
- Stiftelsen D/S Stord 1
- Venelaget for Stord Maritime Museum.
Med tilvising til at – «Utan frivilligheita stoppar samfunnet», fekk politikarane med seg tips til gode tiltak for å støtta opp om den viktige frivilligheita.