Her treng Stordront hjelp

På denne hamsen var det 13 nøtter (Foto: Steinar Hystad)

På nøttesanking i ein liten hatleskog på Huglo i haust, kom  nettstaden sin utegangar over ein hams med tretten nøtter i. På biletet som følgjer denne epistelen ser du elleve av dei, er to til på «baksida». Tidlegare har me sakta vore borti hams’ar med både fire og seks nøtter, men aldri så mange som i dette tilfellet. I von om å få greie på kor gjevt  funnet er, vart bilete og spørsmål sendt til Universitetet i Bergen og  naturhistorisk museum der i garden. I retur kom melding om at spørsmålet var motteke og hadde fått saksnummer. Så vart det stille. 

No vender Stordront.no seg til lesarar med ekstra  stor interesse for hasselnøtter i hams og den slag, i von om å få gode tips om kvar andre stader ein kan venda seg med spørsmålet. Kanskje  tretten nøtter på hams’n kan vera ein (liten) rekord?

Kan du hjelpa: så sender du nokre ord til tips@stordront.no