Etter dagar, kanskje veker, med samahengande regn – kan det vera ei trøyst å henta frå personen som freista finna lys i det våte mørket. Vedkomande meinte me burde takka for at ikkje all denne nedbøren kom i form av snø. Idyllisk kunne det vore, men jammen hadde blitt mykje å måka på.
Sett frå eit snøsynspunkt, skal me berre attende til tredje søndag i advent i 2022, for to år sidan, for å finna fyldig snødett i sentrale strok av byen. Men sanneleg om me hugsar sikkert om det kvite teppet vart liggjande inn i sjølve julehelga.